onsdag 2. oktober 2013

Tankar før intervjuet

Underteikna og Birgit møttes etter ein lang og hard arbeidsdag (på høvesvis eit museum og ein klesbutikk) for å lesa og drøfta loggen, som eleven så fint hadde skrive til oss. Eleven hadde skrive ganske utfyllande, men det blei mindre og mindre utover ettermiddagen. Mellom anna reagerte vi på at det var lite bruk av telefon på ettermiddagen og kvelden. Eleven spelar en del PC-(Personal computer) spill, men eleven nemner ikkke om det er noko tekst og/eller kommunikasjon i desse spela. Dette er noko me undrer oss over, og vonar me kan finna ut av det i morgon. 

Me kjem også til å spørra eleven litt om bruk av sosiale mediar. Her såg me ikkje eit mønster i bruken, han brukte nokre medier berre om morgonen, og nokre berre om kvelden. Det var også lite informasjon om kor mykje skriving som eigentleg føregjekk når eleven vitja desse media. Me kjem også til å spørra om eleven har facebook, medan han nyttar «alle dei andre» vanlege sosiale media, men ikkje nemner facebook med eit kløyve ord. Me har óg avtalt at ein av oss skal stå for utspørringa, mens den andre skal notera.

Det me finn utfordrande er kva me skal ta tak i i sjølve oppgåva og blogginnlegga etter intervjua. Me føler at det er litt lite definert, men me vonar at det som vanleg går strålande.

- Linn - og Birgit!

1 kommentar:

  1. Gøbbelunis, dette vil e definere som skikkelig slu plagiat!

    SvarSlett