onsdag 21. august 2013

Den obligatoriske sjølvpresentasjonen

Nokon gongar må ein skrive om seg sjølv. Tortur seier noen, tortur seier andre, og eg seier det same.

Eg heiter Linn Natalie Olsen, 23 år frå Arendal, men har budd i Stavanger i 3 år. Tidlegare har eg budd eit år i Kristiansand, der starta eg på eit bachelorløp i kommunikasjon, som endte med eit årsstudium (ein må jo ta feil val av og til). No går eg på lektorprogrammet på UIS, i håp om å ein gong i framtida bli ein anstendig lærar. Her tar eg norsk som dybdefag, og religion som breiddefag. I vår leverte eg bachelor-oppgåve innanfor litteratur, med særleg vekt på sjølvframstilling. Eg trur nok at masteroppgåve mi kjem til å dreie seg inn på det same. Men kven veit.. nett så dukkar det opp noko anna spennende.

No skriv eg blogg som ein del av emne: Ny skriftkultur. Kva det kommer til å føre med seg veit eg jammen ikkje. Men noko seier meg at det ikkje kjem til å renne over av «outfit-bilder», og reklame for leppepeeling på denne bloggen. Trass i det satsar eg knallhardt på ein sponsa sydentur frå «Se og hør» før jul.

Altså:

- Linn 23 år
- Typiske «jentefag»
- Lektor(med opprykk) Olsen
- Heller litteratur enn språk
- Uvetande
- Syden-svolten


- Linn -