tirsdag 26. november 2013

Logg, intervju og oppgåve


I første omgang vil eg igjen kommentere loggen, og ein observasjon eg har gjort meg siden førre innlegg (Som for øvrig var skriven av meg og Birgit SAMAN!), for når me intervjua eleven, kom det fram ein del aktivitetar, som ikkje var ført opp i loggen, dei aktivitetane var gjerne på ettermiddag og kvelden. Etter å ha oppdaga dette kikka vi enda ein gong på loggen, og det blei tydeleg for oss at han har mista litt interessa for å skrive opp kva han gjer i løpet av dagen, avsnitta blir kortare og kortare.

Mykje av det som kom fram under intervjuet var forventa, og noko var sjølvsagt ikkje det. At mange av det Barton kaller literacy-eventsene skjer på skjerm, var nok forventa. Det var spenande å sjå korleis mykje av kommunikasjonen som tidligare skjedde på SMS no skjer på «Snapchat». Når vi spurde om kva eleven brukte «snapchat» til, svarde han at det ofte var for å spør om noen ville finne på noko, eller liknande. Når vi spurde kvifor han brukte «snapchat» i staden for melding, svarte eleven at han gjorde det fordi det er gratis, men så kom han på at han hadde gratis SMS også. Kanskje det blir meir gøy når ein sender med bilde?
 
Vi blei òg imponert av at eleven las heile 1,5 time når han la seg. Når vi spurte kvifor, svarta han med at: «Det hører liksom med.» Seinere i intervjuet kom det fram at foreldra hans hadde lese for han på kveldane når han var liten. Det kjem kanskje an på foreldra, og oppveksen, kor mange literacy-events eleven oppsøker i løpet av ein dag.    

Eleven hadde ikkje facebook, men var på twitter og la ut filmar på youtube. Ein kan sjå føre seg at ein elev med facebook gjerne hadde chattet meir med vennene sine der.

Vidare, som ein mogleg oppgåve, vil eg prøve å få intervjua ein litt eldre elev, som nyttar nettbrett på skulen, men som kanskje også nyttar det meir privat. Og sjå på korleis det gir seg utslag i literacy-events.

onsdag 2. oktober 2013

Tankar før intervjuet

Underteikna og Birgit møttes etter ein lang og hard arbeidsdag (på høvesvis eit museum og ein klesbutikk) for å lesa og drøfta loggen, som eleven så fint hadde skrive til oss. Eleven hadde skrive ganske utfyllande, men det blei mindre og mindre utover ettermiddagen. Mellom anna reagerte vi på at det var lite bruk av telefon på ettermiddagen og kvelden. Eleven spelar en del PC-(Personal computer) spill, men eleven nemner ikkke om det er noko tekst og/eller kommunikasjon i desse spela. Dette er noko me undrer oss over, og vonar me kan finna ut av det i morgon. 

Me kjem også til å spørra eleven litt om bruk av sosiale mediar. Her såg me ikkje eit mønster i bruken, han brukte nokre medier berre om morgonen, og nokre berre om kvelden. Det var også lite informasjon om kor mykje skriving som eigentleg føregjekk når eleven vitja desse media. Me kjem også til å spørra om eleven har facebook, medan han nyttar «alle dei andre» vanlege sosiale media, men ikkje nemner facebook med eit kløyve ord. Me har óg avtalt at ein av oss skal stå for utspørringa, mens den andre skal notera.

Det me finn utfordrande er kva me skal ta tak i i sjølve oppgåva og blogginnlegga etter intervjua. Me føler at det er litt lite definert, men me vonar at det som vanleg går strålande.

- Linn - og Birgit!

tirsdag 3. september 2013

Brennheit litteraturtips, og sosialt samkvem (?)

For å vere heilt ærleg er eg ikkje heilt sikker på kva det her er for noko, men det ser jo litt spennande ut. Og for mi eiga del er eg villig til å ta del i alt som Linn Skåber har vore med på. Nokon har starta opp ein litteraturtidsskrift, og no skal dei ha slippfest på Cafe Sting i Stavanger. Tidsskrifta heite KAMILLA, og "hendinga" (som det er kalla på min nynorske facebook-side) er beskriven slik:

 
KAMILLA gikk til psykologen med et mål om å underholde og skape følelser, noe som fikk Klassekampens anmelder, Silje Bekeng, til å sette en cupcake i halsen. Men selv om KAMILLA virket litt usikker på utsiden, fantes en annen virkelighet på innsiden. Der kunne en nemlig finne frisk, usentimental kortprosa fra Nora Kristina Eide, en deilig mørk stemning i Bjørn Sortlands kortnovelle, og noen smått ...geniale datasjargong-dikt av Thomas Espevik.

---

Nå er KAMILLA tilbake, denne gangen litt tøffere i trynet, for nå er hun sammen med dyret! Med seg har hun Tore Renberg, Linn Skåber og Edy Poppy som lokkemat, og målet er som alltid at folk skal få øynene opp for de lovende, uetablerte skribentene vi har på trykk.

Slippfesten finner sted på Café Sting, hvor det blir opplesninger av ulike bidragsytere, før Abel Eitland runder av med en minikonsert.

Alle er hjertelig velkomne!

Voff!

Eg syns det ser rektig så triveleg ut! "Hendinga" på facbook finn du her!

- Linn -

onsdag 21. august 2013

Den obligatoriske sjølvpresentasjonen

Nokon gongar må ein skrive om seg sjølv. Tortur seier noen, tortur seier andre, og eg seier det same.

Eg heiter Linn Natalie Olsen, 23 år frå Arendal, men har budd i Stavanger i 3 år. Tidlegare har eg budd eit år i Kristiansand, der starta eg på eit bachelorløp i kommunikasjon, som endte med eit årsstudium (ein må jo ta feil val av og til). No går eg på lektorprogrammet på UIS, i håp om å ein gong i framtida bli ein anstendig lærar. Her tar eg norsk som dybdefag, og religion som breiddefag. I vår leverte eg bachelor-oppgåve innanfor litteratur, med særleg vekt på sjølvframstilling. Eg trur nok at masteroppgåve mi kjem til å dreie seg inn på det same. Men kven veit.. nett så dukkar det opp noko anna spennende.

No skriv eg blogg som ein del av emne: Ny skriftkultur. Kva det kommer til å føre med seg veit eg jammen ikkje. Men noko seier meg at det ikkje kjem til å renne over av «outfit-bilder», og reklame for leppepeeling på denne bloggen. Trass i det satsar eg knallhardt på ein sponsa sydentur frå «Se og hør» før jul.

Altså:

- Linn 23 år
- Typiske «jentefag»
- Lektor(med opprykk) Olsen
- Heller litteratur enn språk
- Uvetande
- Syden-svolten


- Linn -